- Gratulerer så mye. Dere erruth
- Forbud av kastrerte hanner,Veslemøy-Kadelly
- Hei Veslemøy-Kadelly TakkBadat
- Kjemisk kastrering er ikkeVeslemøy-Kadelly
- Må bare si at kastrering avVeslemøy-Kadelly
- Kjemisk kastreringBadat
- Re: Prevensjon til hunderrune
- Jeg kjøpte tispen min hosEmmeline
June fra Seljord
Nokre ord om meg jentene mine. Eg heiter June og er 39 år, bur i Seljord med samboer og 2 cairn. Mira på 10 år og Sava på 7 år og ein mellom schnauzer på 4 år som heiter Kelly.
Fekk min fyrste hund i 1987 som var ein st.bernhardshund. Deretter har eg hatt ein st.bernhardshund til og ein riesenschnauzer.
Mira er min fyrste cairn som eg kjøpte i 1996 av Karin Stenbæk på Øyer som har Old Charm`s kennel. Mira er ei heilt spesiell og god jente. Veldig observang og lett å få kontakt med under trening. Samtidig roleg og kosete. Ho fekk ei “gummihøne” som pip som eg måtte legge uppå hylla når alle hundane var inne, for det blir kamp om den. Så ho får bare leike med den når dei andre er ute. Det skjøna ho ganske fort, for ho stilte seg upp med døra som ho plar når ho vil ut. Og når ein vil ut, vil alle ut. Eg kom og opna for dei, dei to andre sprang ut, ho stod att og ville ikkje ut. Ok, eg let att døra, ho gjeng bort til hylla og kikkar upp, der “høna” ligg. Nå kan me vel leike med den nå når eg har fått ut dei andre, meinar ho. Så dei er ikkje dumme.
Sava henta eg i 2001 på Lena på Toten, av Anne Berit Engebakken som har Amasonelands kennel. Sava var vel 1,5 år, men det var som om ho alltid hadde vore her, glei rett inn med resten av gjengen. For det er bare slik ho er, blid og grei med alle. Kan til og med smile. Elskar å sitta i sola og varme seg, og slik sit ho og dubbar til hovudet sig meir og meir framover, før ho rykker litt til og skjønar at det bedre å legge seg før ho dubbar av.
Mellomschnauzeren min henta eg i 2002, ho heiter Kelly og er ei herleg jente med masse energi. Passar godt sammen med cairn som også likar å vera aktiv, så dagens høgdepunkt er ut å gå tur.
Fyrste gong eg helsa på ein cairn var då eg blei kjent med ei som flytta hit med ei cairn som heitte Trass. Eg falt pladask, ho var bare sååå god. Så det gjekk ikkje lenge før eg var til Øyer då. Har ikkje angra ein dag på det. For det er ein herleg rase som eg bare blir meir og meir begeistra for. Er tøff og ivrig både med sommer og vinteraktivitetar. Glad i og trekke på ski (når føret er bra) og kjempeivrig på fjellturar. Etter 2 minutter syns dei pausa er lang nok og vil vidare. Sjå etter lemmen og liknande er jau spennande. Verdens beste turkamerat.
Ellers jobbar eg ved Seljord Veterinærkontor, og driv butikk med salg av for og utstyr,+ kvardagklypp-trimming og vask av hund og katt. Så det meste dreiar seg om dyr.
Til slutt vil eg helse til Lisbeth & co, for å ha starta avd. Telemark, veldig bra. Kjempefine nettsider. Håpar på mange fine treff.
Helsing June og jentun.
Klem til Karin og jentene på Øyer, Bjørg og guttan i Lårdal, Patrick på Notodden og Hanne og Birk i Kviteseid.